24/7 Vakttelefon
Vår vakttelefon er betjent døgnet rundt! Har du spørsmål om driftsforstyrrelsar,
kontakt oss på 911 83 388
E-faktura / Avtalegiro
Vi oppmodar alle som nyttar nettbank for betaling av sine rekningar å inngå avtale om E-faktura kombinert med Avtalegiro.
Varslemeg.no
Vi nyttar SMS for varsling av leidningsbrot, kokepåbod mm.
Nyttig informasjon
Om Vasslaget
Rammevilkår for drifta av Herøy Vasslag: Drikkevatn er vårt viktigaste næringsmiddel, og drikkevassforsyninga er frå 01.01.2004 underlagt Lov om matproduksjon og mattryggleik (Matlova).
Med heimel i Matlova, Lov om helsetenesta i kommunane og Lov om helsemessig og sosial beredskap er det fastsett Forskrift for vassforsyning og drikkevatn (Drikkevatnforskrifta). Forskrifta har til formål å sikre forsyning av drikkevatn i tilfredsstillande mengde og av tilfredsstillande kvalitet.
Herøy vasslag skal etter vedtektene syte for tilfredsstillande vassforsyning samt legge til rette for å bygge ut brannvatn i samsvar med til ei kvar tid gjeldande lover og forskrifter, i laget sitt forsyningsområde.
Private vassleidningar skal byggjast og vedlikehaldast av medlemane, men vasslaget fastset kvalitetskrav som må oppfyllast for å få knyte seg til vasslaget sitt leidningsnett. (Sjå eige reglement)
VA-norm for Sunnmøre med lokale bestemmelsar for Herøy, gjeld i samband med alle nye utbyggingar av vassforsyningsanlegg.
Laget skal drivast etter sjølvkostprinsippet med allmennyttige formål som basis. Eventuelt årsoverskot skal leggast til føretaket sin allmenne eigenkapital. Det skal ikkje betalast renter på innskoten andelskapital eller utdelast utbyte til medlemmane.
Medlemskap/Andelskapital
Ein kvar som er einig i føretaket sitt formål, som godtek føretaket sine vedtekter og som eig ein eigedom som kan knytast til vasslaget sitt leidningsnett, har rett til å bli medlem i føretaket mot å betale det fastsette andelsinnskotet.
Medlemskapen er knytt til fast eigedom med eige Gn./Bnr/Snr. Det skal betalast ein andel for kvar sjølvstendig eigedom.
Om vatnet vi leverer:
Mørkevatnet på Moltufjellet er felles vasskjelde for Moltustranda vassverk og Herøy Vassverk. Mørkevatnet er ei god råvasskjelde, med svakt humushaldig vatn og relativt lav pH. Vatnet ligg 310 m over havet og har eit samla sjøareal på 285 000 m2. Regulert magasin har ein kapasitet på 340 000 m3. Nedbørsfeltet som gir tilsig til vatnet utgjer 2,3 km2. Reguleringsmagasin med kloringsanlegg ligg 150 m over havet.
Vår visjon er:
Alltid rikeleg, reint vatn.
I tillegg til private hushaldningar leverer H.V. vatn til fiskeribedrifter, helseinstitusjonar, landbruk, industri og kontorbygg.
Vasskvalitet:
For å overvake at vi alltid leverer vatn av tilfredstillande kvalitet tek vi regelmessige prøver av vatn før og etter behandling i tillegg til seks ulike stadar ute på nettet: Det vert analysert for bakteriar, farge, lukt, smak, ph, partiklar . Fargetalet i råvatnet varierer frå 10 til 18, med gjennomsnitt på ca. 13,7.Råvatnet har ein pH på 6,4 som er surt. Ved tilsetjing av vannglas har vi no ein pH ute på nettet på 7,1 i snitt. Målsettinga er stabilt 7,5.
Hardheitsgrada på vatnet frå Herøy vasslag er 0,02-0,06 dH° (veldig blautt/mjukt vatn). Hardheitsgrada på vatnet frå Stemmedal er omlag 2,5 dH° (blautt/mjukt vatn).
Gebyrregulativ
Årmøtet gjer vedtak om gebyrregulativ gjeldande for etterfylgjande år.
Årsgebyret er samansett av “Abonnementsgebyr” (fast årleg) og “forbruksgebyr” (stipulert eller etter målar).
Vedtekter og reglement
Det er Årsmøtet som vedtek vedtekter og reglement. Vedtektene vart sist revidert på Årsmøtet 25. mai 2023.
Reglementet vart sist revidert på Årsmøtet 13.mai 2020.
VA-norm for Sunnmøre med lokale bestemmelsar for Herøy, gjeld i samband med alle nye utbyggingar av vassforsyningsanlegg.
Om du ynskjer meir informasjon om reglement og vedtekter for Herøy Vasslag SA, kan disse lastast ned:
For å sjå reglement: undefinedKlikk her
For å sjå vedtekter: undefinedKlikk her
For å sjå VA-norm for Sunnmøre: undefinedKlikk her
Beredskapsplan.
Beredskapsplanen er eit av fleire instrument for at vasslaget skal ivaretake sitt overordna samfunnsansvar for vassforsyninga i sitt område. Dei viktigaste samarbeidspartane i denne samanheng er Herøy kommune og Mattilsynet.
Årsmøte 2024
Dato: 23. mai 2024 kl. 18,00
Møtestad: Herøy Vasslag, Kvithaugsmyra 71
Sakliste Årsmøte 23. mai 2024 kl. 18:00
1. Godkjenning av innkalling og sakliste
2. Val av referent og to utsendingar til å underskrive protokollen
3. Styret si årsmelding for 2023
4. Revidert rekneskap med revisjonsmelding og disponering av årsresultat
5. Revidering av Gebyrregulativet
6. Fastsetjing av årsgebyr for 2025
7. Fastsetjing av styrehonorar for 2023 etter innstilling frå valnemnda
8. Val av styremedlemar og medlemar til valnemnda
Årsmøtet består av 25 valde utsendingar. Dei valde utsendingane har fått skriftleg innkalling med vedlagt saksdokument.
Styret.
Styret består av
Per-Arne Gjerdsbakk
Styreleiar på val 2024
June Rooney
Nestleiar styre på val 2024
Roar Aasen
Styremedlem på val 2024
Marit Røren Søvik
Styremedlem på val 2025
Kjartan Sundnes
Styremedlem på val 2025
Aksel Lervik
Styremedlem på val 2025
Andreas Kvalsund
Varamedlem på val 2025
Margareth Leinebø
Varamedlem på val 2024
Hans Karsten Voldsund
Varamedlem på val 2025
Valnemd består av
Karl Erik Sande
Valnemnd på val 2024
Vidar Hungnes
Valnemnd på val 2025
Frode Nerem
Valnemd på val 2024
Håvard Arhaug
Valnemnd på val 2025
Knut Arvid Kvalsvik
Valnemnd på val 2025
Fyll ut skjemaet under for å kome i kontakt med oss
(SMS fungerer ikkje på våre vakt- og kontakttelefonar)
Dette er en HTML-modul som trengs for å vise popup-vinduer når du klikker "Les mer". Vær så snill og slett den ikke. Det er ikke synlig på den offentlige siden.